
Det skjer i Herand!
Herand Idrettslag
Herand Rundt - Skiløypa - Kontingent - Styre - Vedtekter
Viktig informasjon om sti og parkering for Samlen her
Herand Idrettslag er eit lite lag, men kan by på fleire aktivitetar for folk i alle aldrar. Faste aktivitetar i gymsalen i Kulturhuset:
Måndag
Kl 19 – 20: Spinning
Kl 20 – 21: Styrketrening med vekter.
Tysdag
Kl 19 – 21: Aktivitet for ungdom frå 8.klasse og oppover
Onsdag
Kl 19 – 19.45: Step
Kl 19.45 – 20.30: Styrke med vekter
Torsdag
Kl 11 – 12: Frisk Trim med fysioterapeut
Kl 17 – 18: Friidrett for born i alle aldrar
Treningspause 1. juni - 31. august, i romjula og i påskeveka.
Herand Rundt
Fast arrangement er terrengløpet Herand Rundt som vert arrangert 2. pinsedag kvart år. Her er det både turklassar og konkurranseklassar for born, ungdom og vaksne.
Skiløypa
Utanom organisert idrett, ynskjer laget å legga til rette for at flest mogeleg skal kunna vera i aktivitet. Me har difor laga skiløypa Bjønndalen-Fodnastøl-Vassenden, i samarbeid med Jondal Idrettslag og fleire andre. Når forholda ligg til rette for det, kan de koma til preparerte løyper.
Sjå kartet her.

Kontingenten i Herand Idrettslag er
kr 200 pr år for enkeltmedlem
kr 400 pr år for familie
kr 50 år pr år om ein vil vera støttemedlem
Kontingenten betalast etter motteken faktura. Den får du etter påmelding i Norges idrettsforbund, via linken: www.minidrett.no. Her lager du deg ein profil, og så linker du deg til Herand idrettslag. Det kan vere både enkeltmedlemskap, eller familiemedlemskap. I det siste tilfelle må alle medlemar ha ein profil, og så skal dei òg linkast til Herand idrettslag, og så bir det laga familierelasjon. Kasseraren ser etter nye innmeldingar innimellom, og ordnar då med fakturaen til dei ny-innmeldte. Er du allereide medlem frå før, kjem fakturaen automatisk via systemet.
For spinning, step og styrke med godkjent instruktør kostar det 250 pr halvår.
Det er frivillig innbetaling til skiløypa.
VIPPS til HIL er:
Skiløypeavgift: 927477
Deltakeravgift: 927478 (Herand rundt, m.m.)
Mat/Kafé: 927479
Parkering Samlen: 963323 (stengt til ca. 8. oktober 2025!)
Øvriga: 509910
Styret for Herand idrettslag 2025 er:
Leiar: Charlotte Bergsholm, mob.: 948 05 645
Nestleiar: Haldis Marie Samland, mob.: 994 35 848
Kasserar: Arjen L.H. Stolk, mob,: 410 86 016
Skrivar: Kjell-Olav Samland, mob.: 913 94 477
Styremedlem: Martin Åsen, mob.: 954 67 762
Varamedlemmer:
Solveig Tjosaas de Boer
Daniel Thorstenssen