KULTURSTIEN

Er du i Herand, er det verdt å setja av 1,5 – 2 timar til ein tur rundt den fine turløypa vår. Den startar ved parkeringsplassen mellom oppgangssaga og kvernhuset i sentrum. Det er ein særdeles interessant tur på fleire måtar:
 

  • Det er ei vandring gjennom ein del av kulturhistoria vår

  • Her er eit rikt planteliv og du finn varmekjære lauvtre

  • Spanande geologi med hellerar som heng mest som eit tak over deler av løypa

  • Du går gjennom område der det er gjort arkeologiske funn som vitnar om tidleg busetjing

  • Flott utsikt over bygda og fjorden

  • Fin trimtur i kuppert terreng

Det er sett opp 4 tematavler langs stien. Det er informasjon om planteliv, geologi, arkeologi og kulturhistorie.

Det er sett opp bord og benker ved det finaste utsiktspunktet. Ta gjerne med noko godt i sekken eller i lomma og ta deg tid til ein stopp her. Koseleg om du skriv namnet ditt i gjesteboka som er lagt ut her.

Stien er lagt opp som ein rundtur, og like ovanfor garden Sævarhagen kan du velja kva veg du vil gå.

GOD TUR!!

Har du stoff til sida?  Send e-post til: Gunnar Dalseth

Webdesign: Marna Roer