top of page

Herand er ei bygd med rike tradisjonar og mykje historie. Dette viser igjen i omgjevnadane. Men det er og ei levande bygd med puls og andedrett. Me som lever her, ca 220 personar, er stolte av bygda vår. Me prøver å ta vare på henne etter beste evne, og samtidig sørge for utvikling, slik at ho forblir ein levedyktig og moderne stad å bu, eller vere turist på. Dette viser og igjen i kulturlandskapsprisane me fekk i 2008. Herand vart tildelt både den nasjonale og Hordaland fylke sin pris. 

Me har eit aktivt bygdelag som kjøpte skulen som vart nedlagt. Her er det no eit opplevingssenter med "Herand gjennom 9000 år" der ein kan skaffe seg informasjon om historia dei ulike severdigheitane som finst i bygda. Turstiar, Herandsdagar , komlemiddagar, pubquiz og julemesse er og saker bygdelaget står for.

Herand er ein av Landskapsparkane i Hordaland. www.landskapspark.no . Dette er tiltak for å skapa/halde oppe vekst og næring i bygda. 

Me er ikkje så mange som bur her, men me har eit rikt tilbod av lag, organisasjonar og aktivitetar. Me har mellom anna eige musikklag. Ikkje så mange små bygder har hornorkester i 17.mai-toget sitt. Herand musikklag er høgst oppegåande, og feirar 50-årsjubileum i år. Idrettslaget kjøpte nyleg inn spinning-syklar, og det vart so populært at det er venteliste for å få bruke dei.

Herand er ei tradisjonell jordbruksbygd. Jordbruk/skogbruk har vore grunnlaget for busetnaden her, og er framleis ei viktig næring. Dei aller fleste har også eit anna arbeid i tillegg til gardsdrift. 

Akvakultur har vorte ei viktig næring siste 20 åra. I dag er det sysselsett 12-15 personar i eit smoltanlegg og på eit matfiskanlegg.

Det er og ein maskinentrepenør med 5-6 arbeidstakarar, og ei databedrift har etablert seg her, samt ein del 1-2 mannsbedrifter av ymse slag. 
Ein del pendlar til kommunesenteret Jondal eller lenger (Nordsjøen, anleggsarbeid). 

Ei gamal bygd
Første spor etter folk er eit hellerissingsfelt som truleg er om lag 3000 år gamalt. Feltet er spesielt pga av mange erotiske motiv. Elles er her gjort fleire fornfunn, m.a restar av gamal busetnad under dei store hellarane. Første skriftlege kjelder er frå tidleg på 1300 talet, mange av gardane er då nemnde i ulike offentlege papir.


På slutten av 1500 talet vart det bygt tre oppgangssager i Herand. Det var den store handelen med materialar spesielt til Skottland som gjorde det mogeleg.  
I første halvdel av 1700-talet vart båtbygging ei næring,  og etter kvart vart dette ei stor næring. Det vart bygt båtar mest på alle gardar og det var fleire små båtbyggeri. Kanskje hadde 50-60 personar hovudinntekt frå båtbygging i siste halvdel av 1800- talet. Heilt fram til etter andre verdskrig var dette ei stor næring, men var bortimot slutt kring 1980.

 Herand var eit ganske stabilt samfunn fram til etter andre verdskrig.
Då byrjar sterk nedgang i folketal, det var ei avskaling i jordbruket og båtbygging ettersom det var lett å få arbeid utafor bygda

.

Så vart Aqua Farms Herand etablert med nytt smoltanlegg i 1986, og 
i 1987 fekk me ny skule og barnehage i Herand.


Tett ved båthamna finn ein den fine badestranda i Herand. Mange dugnadstimar er lagt ned for å få den så fin som den er blitt! Kvar vår vert det og rydda og reinska opp her så det skal vera klart for ny sesong. Her er gode badeforhold både for vaksne og born, og det er fint lagt til rette for å tilbringa mange timar her om ein vil. Toalett- og dusjanlegg i båthamna kan nyttast, og kiosken er open om ein skulle ynskja å kjøpa seg noko forfriskande. Det er og kort veg til butikken. Stranda er tilrettelagd med grillplass og bord/benkar.

Båthavna har gjesteplassar for båt og parkering for bilar.

Samlen
Fjelltoppen Samlen stikk seg ut som eit landemerke i fjorden. Det vert sagt at i gamle dagar brukte dei denne toppen til vardebrenning -  for å varsla både utover og innover fjorden. Den ruvar 686 m.o.h. og tek du turen opp hit er du garantert god utsikt.

Det er merka tursti frå toppen av Åsleitet  – like ved grensa til Ullensvang herad – og opp til varden på toppen av Samlen. Det er litt bratt opp nokre stader, men det gløymer du fort når du kjem opp til den fantastiske utsikten! Her ser du rett ned på Herand, får utsyn over heile Herandsholmen og fjorden utover. Snur du deg ser du bygdene i Kvam og fjella innover der og langt innover fjorden.

Bidra gjerne med fleire fotos for denne sida!

bottom of page