top of page

GEOLOGI

 

Opphavet til fjellet
Då den kaledonske fjellkjeda var på sitt høgste for omlag 420 millionar år sida, låg bergartane i Herand djupt nede i jordskorpa, omlag 15 tusen meter under overflata. Fjellkjeda låg då ved ekvator. Då fjellkjeda vart skapt, vart enorme bergartsflak, kalla skyvedekker, skove over grunnfjellet og dei kambrosiluriske laga. Bergartane langs turstien låg då i det nedste skyvedekket. Opphavleg var desse samansett av leire og lava, men det høge trykket og temperaturar omkring 450 C°omdanna leirstein til fyllitt og lava til grønskifer. Seinare har erosjon slite ned fjellkjeda slik at fyllitt og grønstein frå djupet er komen fram til overflata i Herand og samstundes har vår del av verda flytta seg nordover frå ekvator.

 

Spor etter isen

Det norske landskapet er forma av isbreane som har dekka landet i lange periodar dei siste 2.5 millionar år. Den siste rest av isbreane smelta bort frå dette området ved fjorden for omlag 12 - 14000 år sidan. Isbreane har slite ned fjellet, og steinar som var fastfrosne i botnen av isen laga skuringsstriper. Enkelte stader langs stien ser vi glattslipt fjell med skuringsstriper intakte, men dei fleste stader har seinare utrasingar fjerna den is-skura overflata.
 

Fyllitt/Grønskifer

Ved foten av skrenten finn du fyllitt. Det er ein svært skifrig og laus bergart som er rik påglimmer (vert ofte kalla kråkesølv) - og med kvite linser av kvarts. Fyllitt forvitrar lett og gir god næring til planter. Grønskifer er ein grågrøn bergart som utgjer mesteparten av skrenten og platået på oversida. Den gir også bra næring til jordsmonnet ved forvitring, den sprekk ofte opp i heller, som her er nytta til trapper langs stien.

Spennande former
Under dei høge trykk- og temperaturforholda djupt under overflata var bergartane plastiske; mjuke som deig. Langs stien ser vi  fleire eksempel på former som er skapt under slike forhold.

Skulpturar i Berget
Holete fjell eit av dei mest imponerande geologiske trekka langs stien er at det enkelte  tader er danna ei spesiell holete overflate. Hola finst både på undersida av utspring og  om holrom innover i veggen der berget er tørt, sjølv i regnvær. Fenomenet vert kalla trafoni (opphavleg korsikansk uttrykk), men uttrykk som bikake-vitring, vitringsgroper og steingitter er også brukt. Årsaka er ikkje fullstendig avklart, men det er semje blant fagfolk om at årsaka til dette er forvitring ved avflaking.

Faldar
Nokre stader ser vi lag som er bøygd og krølla i fine border. Dette vert kalla faldar, dei vart skapt då skyvedekka vart flytta.

 

Boudinage
I grønskiferen ser vi rekkjer av lysegrøne linser som består av mineralet epidot. Linsene vert danna ved at større linser vert flattrykte og delt i rekkjer av mindre linser. Fenomenet vert kalla boudinage – som er fransk og tyder pølseforming, ser du likskapen?
 

Fagfolk reknar med at saltutfelling i bergarten er hovudårsaka - og at sprengkrafta i  altutfellinga fører til at bergarten sine mineralkorn losnar og fell av i flak. Flak-avskaling og pulverisert stein kan du sjølv observera ved desse førekomstane. Saltet kjem truleg frå vatn på porer og sprekker i bergarten, og saltet vert utfelt når vatnet fordampar på tørre flater. Der bergveggane vert fuktige av regn og rennande vatn vil saltet verta vaska vekk - og ingen groper vil verta danna. Det har tidvis vore svalereir i mange av desse  ropene, fuglane er observert då dei pikka laus stein. Denne aktiviteten har nok utvida gropene - men er nok ikkje årsaka.
 


Tekst: Østein J. Jansen (UiB) og Dirk Kohlmann Tvedt

bottom of page