Fram frå gløymsla
Du har sikkert
gått forbi han når du har gått Turstien i Herand, uten å legge merke til han
som noko anna enn gamalt rusta skrapjern. Han har hatt ei variert tilvere
sidan han kom til i 1898. Eg snakkar om den gamle ystekjelen frå Meieriet.
Etter at det ikkje lenger vart laga ost i bygda stod han ei stund på
Meieriet, til glede for borna som leikte gøyme i han, fortell Ragnhild
Danielsen. Deretter hamna han på Vassel. Her vart han nytta til
vatnreservoir for drivhuset til Lars Haavik, som dreiv med tomatar og
agurkar. I mange år var han ikkje i bruk, og han vart meir eller mindre
gløymd, rusten og fæl som han var blitt. Han vart køyrd til Samland, der han
vart pussa og måla. På dugnaden i vår vart han frakta til Båthamna, der han
no får ei ny tilvere med blomar i, i lag med ein kvernstein frå Sevare. |
|
Dan, Sølve og Lars Olav diskuterer korleis dei skal plassere ystekjelen. |