Trivsel og kultur


Trivsel og Kultur er ei undergruppe i Herand bygdelag og vart oppretta i februar 1999.
Kva som er gruppa sine oppgåver, ligg i namnet; målet er å gjera
Herand til ei endå triveligare bygd å bu i.

Då er det viktig med aktivitetar og arrangement som femnar om alle innbyggjarane.
Nokre av desse har etter kvart blitt regelmessige, slik som: kulturkveld om hausten,
julemesse på skulen i adventstida og Herandshelg om sommaren annakvart år.

Gruppa har vore aktiv i arbeidet med
naturstien Sæverhagen - Vassel - Sæverhagen.
Basarar og familiekveldar er tilskipingar som har vore samlande og populære.

Gruppa for Trivsel og Kultur er opne for idéar
og tek imot tips frå alle innbyggjarane om nye tiltak.

 

Medlemer:

Dan Danielsen  (leiar)
Haldor Tuvin
Olav Bernt Strømsnes.
Bjørg Huus

Ingrid Blokzijl
Toralv Alsaker
Lena Jondahl Haugen
Solveig Urheim
Sonja Skarde
Hildegunn Guddal
Hallvard Samland    er Herand Bygdelag sin representant i Kulturutvalget.