Tusen Takk !
Herand bygdelag ynskjer med dette å rette ein stor takk til alle dei som var med på bygdedugnaden laurdag 26.april. Ca 75 personar møtte fram og la ned ein stor innsats på mange ulike stader og arbeidsområde. I år var det spesielt mange som stilte opp med teknisk utstyr av ymse slag: Traktorar, hengarar, boremaskinar, gravemaskin etc. Ein spesiell takk til dei.
Bygdelaget er glad for
at me her i bygda har tradisjon for denne dugnaden. I tillegg til at det
er bra å gje bygda ei ”ansiktsløfting” no om våren, er det både kjekt og
nærande for fellesskapen.
Herand bygdelag

