Opplev Herand er et
firma som guidar og tilrettelegg turar i og rundt Herand. Firma, lag og
organisasjonar, skular, familiar - vi skreddersyr turar for alle. Ta kontakt med
oss!

Eksemplar på turopplegg:
KULTURHISTORISK VANDRING
Kulturstien i Herand er ei sanselig
oppleving som gjer godt for både kropp og sjel. Ein guid tek deg med på ein
unik vandring i gammalt kulturhistorisk landskap. Vi vandrar gjennom edel
lauvskog og rik flora, vi opplever kulturlandskap på sitt vakraste, og får med
oss spennande geologi med hellere som heng som eit tak over stien. Fleire stader
langs stien finn ein spor etter gammal busetting, og arkeologar fann sommaren
2005 9000 år gamle unike spor. Vi nyter fantastisk utsikt over bygda og fjorden
frå dei mange utsiktspunkta og finner ro og fred i denne kulturskatten som
ligger sentralt i Herand.
PÅ 9000 ÅR GAMLE STIAR
Tar du turen til Herand i Hardanger kan vi by på ein unik
oppleving for dei som er spesielt interessert i ur-gammal busetting. Sommaren
2005 grov arkeologar frå UiB fram restar etter 9000 år gammal busetting under
Sævrahellaren i Kulturstien i Herand. Funna som er gjort her er heilt unike og
kan fortelja mykje om kva menneska levde av og korleis dyrelivet og vegetasjonen
var i Hardanger for 9000 år sidan. Guiden fortel om funn og teoriar rundt desse
gamle spora. Turen går vidare gjennom edel lauvskog og spesielle
steinformasjonar til Skipshelleren på Vassel. Her har arkeologane blant anna
funne spor frå jernalderen.
Vi avsluttar med omvisning på det over 3000 år gamle
helleristningsfeltet på Bakke. Ein trur at dette var eit hellig sted, ein
samlingsplass for dei som budde i fjorden her. Det finns bare menneskefigurar på
tre steder i Hordaland, og på Bakke i Herand finn ein heile 32 slike figurar.
Vi brukar ca 2 timar på turane. Terrenget er lett kuppert og
passar dei fleste. Ta med godt fottøy og kler etter veret.
Ta kontakt for pristilbod.
KONTAKTINFO/BESTILLING
Vi tilretteleggjer òg andre turar og opplevingar dersom de har spesielle
ønsker. Vi kan òg tilby mat til større grupper. Ta kontakt for
prisar!
Opplev Herand
kontakt: