Miljøprisen 2001
Tekst Marit Samland og Margreta S. Eiken
12. juni 2002 var ein stor dag for Herand. Då blei Hordaland
fylke sin miljøpris for 2001 tildelt Herand Bygdelag. Det
skjedde under fylkestinget si samling i Rosendal.
|

|
|
Fv. Gisle Handeland, Johan
Haugen, Marit Samland, Kjellaug Hoås Samland,
Margreta Sandvin Eiken, Bente Bondhus
|
Ein gruppe frå bygdelaget fekk gleda av å reise dit for å ta i
mot prisen, og det var ei stor oppleving å få vera tilstades i
salen denne dagen. Bente Bondhus, leier av komitè for miljø og
samferdsel, sa mange rosande ord om Herand Bygdelag sitt arbeid
så lagt. Under ståande applaus frå salen delte ho ut ein sjekk
på kr 30 000,-, diplom og blomabukett. Margreta fekk så ordet,
og heldt ein flott takketale på vegne av oss alle.
Etterpå fekk vi nyta ein god lunch på reserverte plassar ved
bordet saman med bl.a. fylkesordførar Gisle Handeland. Det var
og svært gledeleg at Åge Bremer, Terje Aarsand og vår eigen
ordførar John Skogseth hadde teke turen til Rosendal. Dei har
vore viktige støttespelarar under bygdemobiliseringa, og utan
hjelp hadde vi truleg ikkje vore så godt i gang.
Både sjekk og diplom er innramma og heng i Meieriet.
Blomabuketten syntest vi at leiaren i bygdelaget, Jon Steinar
fortente mest av alle, sida han ikkje hadde høve til å vera med
til Rosendal.
Så kan vi alle vera stolte og glade for at den denne gongen var
vår tur til å bli sett ”pris på”.
Helsing frå oss som var med til Rosendal:
Margreta S. Eiken, Kjellaug H. Samland, Johan Haugen og Marit
Samland.
Ved overrekkinga av miljøprisen ynskte me sjølvsagt å sei fram
ein takketale.
Den gjengir me her:
”På vegne av Herand Bygdelag vil me takka djupt for denne
utmerkinga. Dette gjev ein enorm inspirasjon og motiverer oss
til å gå vidare i arbeidet vårt.
Å driva bygdemobiliserings - arbeid er ei tålmodighetsprøve.
Endringar skjer ikkje fort, arbeidet går i bølgedalar og mange
gonger lengtar me etter å sjå raskare og tydelegare resultat.
Å motta så mange gode ord og ei slik utmerking som dette er
difor ei uvurderleg vitamininnsprøyting for Herand Bygdelag.
Pengar kjem alltid vel med – me har fleire planlagde prosjekt
eller ynskje – men endå viktigare for oss er den moralske støtta
og den oppbacking me no opplever å få. Det gjer godt å kjenna at
me får støtte og aksept for at tankane våre og det arbeidet me
gjer er viktig.
Og ikkje berre for vårt lag gjer dette godt. At bygdelagsarbeid
blir sett og verdsett slik som dette, trur me bestemt er til
stor inspirasjon og motivasjon også for dei andre laga som me
ser etablerer seg rundt Folgefonn – halvøya.
Me er særdeles glad for at fylkeskommunen og fylkesmannen si
landbruksavdeling i stor grad har valt å prioritera Folgefonn -
halvøya som region, og at dei støtter så godt opp under dei
ulike laga. Og ikkje minst at desse etatane har teke initiativ
til samarbeid mellom desse laga! Me har eit sterkt ynskje om at
dei og er med framover og held oppe trykket i dette viktige
arbeidet.
Herand Bygdelag har i dei fem åra dei har eksistert hatt eit
svært godt samarbeid med landbruksavdelinga til fylkesmannen.
Terje Aarsand må me få nemna spesielt. Han gjorde eit stort
arbeid med Synergi 21 – han har delt mange tankar og idear med
oss – og ikkje minst har han vore lett å få opp av kontorstolen
og til å ta turen inn til oss. Det same gjeld Anders Stub ved
same avdeling som har vore til stor hjelp når det gjeld
områdetiltaks – midlar. Me fekk også ein god start på arbeidet
vårt ved hjelp av Åge Bremer hos fylkesmannen. Han motiverte oss
og synte gode modellar for struktur og organisering.
Og ikkje minst vil me med stor glede retta takk til vår eigen
ordførar, John Skogseth. I alle desse åra har han vist både i
ord og gjerning at han støttar oss og synes det me gjer er flott
og viktig. Han er utruleg positiv, og så ofte han kan har han
vore med på møte og arrangement.
Til slutt ein ekstra stor takk til alle positive bygdefolk som
på ulikt vis tek del i arbeidet for ei triveleg og livskraftig
bygd.
Takk igjen for utmerkinga – og hjarteleg velkomen til Herand og
Jondal kommune!” |