|
Kvernhuset er eit
kulturminne som no held på å forsvinne frå kulturlandskapet. I Norge er det
funne kvernsteinar i gravhaugar frå 300-talet e.Kr.. Det eldste kvernhuset
det er ytt tilskot til er frå 1663. Kvernhuset er derfor eit av dei mest
verdifullekulturminne som enno finns att frå det gamle landbruket.
Kort oppsumert består kverna av følgjande deler:
Kvernkallen er normalt vertikalstilt og er laga av ein
solid omlag 150 cm lang furustokk. Det er felt inn 16 skovlar nedst på
kallen.
Piken av stål er felt opp i kallen og står på flyndra med
grunnmus som er felt ned midt på lettetreet.
Lettetreet er hengsla i den eine enden og frå den andre
enden går ei stang, stilletreet, opp i kvernhuset til justeringsmekanisme.
Med denne kan ein justere avstanden mellom kvernsteinane.
Kornet vert tømt i ei omvendt pyramideforma kasse, teine,
som heng over steinen. Mjølet vert leda mot utløpet og samla opp i ei kasse,
mjølkista som står framfor kvernsteinen. Ein understein kunne vere ca 130 kg
og oversteinen noko mindre. Dei fleste kvernsteinane kom frå Hyllestad i
Sogn og var av glimmerskiver med granatkorn i.
Når folk var og mol kornet sitt på Tveite, så tok dette
kanskje lang. Då nytta somme høve til å å gå opp i galsstova og ta seg ein
lur eller prata med gardsfolket. Mange har spikka namnet sitt på veggen i
kvernhuset. Kverna vart ofte nytta, og så lenge smia var i bruk (ser litt av
muren på biletet) fekk mange hjelp her også.
Den siste restaureringa på kverna vart gjort i 1996 av
Harald Prestegård og Morten Haavik. Einar Fanebust fekk tak i midlar til
vegen og kalla det for "Elvemiljøet" langs Storelva. Magnus Eiken og Svein
Samland gjekk i gang med arbeidet. Sidan den tida har kverna vore
funksjonell, og fleire har vore innom og sett korleis korn vert til mjøl. |