KULTURSTIEN
Er du i Herand, er det verdt å setja av 1,5 – 2 timar til ein tur rundt den fine
turløypa vår. Den startar ved parkeringsplassen mellom oppgangssaga og
kvernhuset i sentrum. Det er ein særdeles interessant tur på fleire måtar:

Nedlagde steinar betrar framkomsten betrakteleg.
Det er sett opp 4 tematavler langs stien. Det er informasjon om
planteliv, geologi, arkeologi og kulturhistorie.
Det er sett opp bord og benker ved det finaste utsiktspunktet. Ta gjerne med
noko godt i sekken eller i lomma og ta deg tid til ein stopp her. Koseleg om du
skriv namnet ditt i gjesteboka som er lagt ut her.
Stien er lagt opp som ein rundtur, og like ovanfor garden Sævarhagen kan du
velja kva veg du vil gå.
GOD TUR!!

Spesielle holer i fjellet (på fagspråket kalla trafoni). Ingen har kunna gitt ei enkel forklaring på kva som er årsaka til desse holene, men det er semje blant fagfolk om at det er forvitring ved avflaking. Det føregår ein form for kjemisk reaksjon der det vert felt ut salt.
