|
Det har blitt tradisjon å arrangere
julemesse før jul. I byrjinga vart den arrangert i Meieriet. Etterkvart vaks
messa ut av Meieriet, og vart arrangert på Herand skule. Det har og blitt
tradisjon at ein kan kjøpe seg ein komlemiddag denne søndagen. Den vert laga
og seld i Grannahuset, då gymsalen vart for liten til både salsutstilling og
matservering.
I båthamna vert det og tent ei julegran som lyser opp i heile jula. Til
denne tenninga er det Herand musikklag som spelar, og lagar koseleg
julestemning. Ofte kjem nissen ein tur innom og!
For at messa skal verte noko av er det viktig at folk kjem og vil stille ut
og selje produkta sine. Jo fleire som stiller ut, jo betre messe vert det.
Derfor er det kjekt om du som har noko du lagar, og som du vil selje, melder
di interesse for å vere med på denne julemessa i Herand.
Ta kontakt med Elin Eiken på telefon 53668175 / 95076871 innan 30. november.
Det er inga standleige, men det vert oppmoda om å gje ein gevinst til
Bygdalaget sin basar, 5. juledag - 29. desember. |