I dag…..

Herand er ei bygd med
rike tradisjonar og mykje historie. Dette viser igjen i omgjevingane. Men
det er og ei levande bygd med puls og andedrett. Me som lever her, ca 220
personar, er stolte av bygda vår. Me prøver å ta vare på henne etter beste
evne, og samtidig sørge for utvikling, slik at ho forblir ein levedyktig og
moderne stad å bu, eller vere turist på. Dette viser og igjen i
kulturlandskapsprisane me fekk i 2008. Herand vart tildelt både den
nasjonale og Hordaland fylke sin pris.
Me har eit aktivt bygdelag
som mellom anna driv barnehagen her, og som kjøpte skulen som vart nedlagt.
Her kjem det no eit opplevingssenter der ein kan skaffe seg informasjon om
dei ulike severdigheitane som finst i bygda. Turstiar, Herandsdagar ,
komlemiddagar, pubquiz og julemesse er og saker bygdelaget står for.
Herand er ein av Landskapsparkane i Hordaland. www.landskapspark.no . Dette
er tiltak for å skapa/halde oppe vekst og næring i bygda.
Me er
ikkje så mange som bur her, men me har eit rikt tilbod av lag,
organisasjonar og aktivitetar. Me har mellom anna eige musikklag. Ikkje så
mange små bygder har hornorkester i 17.mai-toget sitt. Herand musikklag er
høgst oppegåande, og feirar 50-årsjubileum i år. Idrettslaget kjøpte nyleg
inn spinning-syklar, og det vart so populært at det er venteliste for å få
bruke dei.

Butikken vår er viktig for det daglege brødet, men og for
det sosiale livet. Her kan ein slenge innom, og ein treffer folk å prate
med. Etterpå kan ein orientere seg om det som skjer ved å studere
oppslagstavla utanfor.
Herand er ei tradisjonell jordbruksbygd.
Jordbruk/skogbruk har vore grunnlaget for busetnaden her, og er framleis ei
viktig næring. Dei aller fleste har også eit anna arbeid i tillegg til
gardsdrift.
 Akvakultur har vorte ei viktig næring siste 20 åra. I
dag er det sysselsett 12-15 personar i eit smoltanlegg og på eit
matfiskanlegg.
Det er og ein maskinentrepenør med 5-6 arbeidstakarar,
og ei databedrift har etablert seg her, samt ein del 1-2 mannsbedrifter av
ymse slag. Ein del pendlar til kommunesenteret Jondal eller lenger
(Nordsjøen, anleggsarbeid).
|