Herand Bygdelag

Etter årsmøtet 14.mars og styremøte 19.mars 2010 har styret i Herand Bygdelag denne samansetninga :  

Johan Urheimleiar
Hallvard Samland –
nestleiar
Gerd Ingeborg Haugen –
kasserar
Trond Vikane –
skrivar
Bjørg Samland
Lena Jondahl Haugen
Kjell Olav Samland  

Varamedlemer av styret:       
1. Britt Heidi Selsvik  
2. Haldor Tuvin

 

*Årsmelding 2009

rapport-okt.2009.pdf

Årsmelding 2008

 

Positivt vedtak frå Regionalt Næringsfond 
Regionalt næringsfond har i møte 121109 gitt Herand Bygdelag kr. 50000 i støtte for å avslutte det 4 år lange prosjektet ,, den kulturhistoriske bygda,,
Totalt har Hardangerrådet gitt kr. 350000 til dette tiltaket.
Dan Danielsen 

 

    
Bakgrunn for Herand Bygdelag

I 1970–åra opplevde me ein nedgang og folketal flata ut. Likevel aukar fråflyttinga på. Pessimisme i jordbruket spreidde seg og antal sauebruk vart halvert på 10 år. I 1996 vart postkontor, bankfilial og telefonkiosk lagt ned. Få barn gjorde til at skule og barnehage vart nedleggingstrua. Pessimismen var stor. Kunne me gjera noko med situasjonen sjølve?

Me ville prøva – og tre bygdemøte vart arrangert, der me "analyserte" situasjonen. Kva er positivt, negativt og kva kan me gjera? Ulike arbeidsgrupper vart sette ned for å arbeida for ei positiv utvikling for bygda.

Motto: Herand, ei god bygd å bu og leva i.


Herand Bygdelag har fleire undergrupper som arbeider med kvar sine områder. Her kan du lese litt om gruppene.

Gruppene

Trivsel og kultur

Reiseliv og turisme

Næringsutvikling og areal


Miljøprisen 2001

12. juni 2002 var ein stor dag for Herand. Då blei Hordaland fylke sin miljøpris for 2001 tildelt Herand Bygdelag. Det skjedde under fylkestinget si samling i Rosendal. Les meir
 

 

Styremøtereferat

Her kan du finne referata frå styremøta i Herand Bygdelag, frå og med september 2005. Styret har møte fyrste tirsdag i kvar månad. Nye referat vil verte lagd ut etterkvart.
Referat frå styremøter.HB.