BEDEHUSET I HERAND
Bedehuset i Herand er innvidd til kyrkjeleg bruk.
Nokre gonger i året er det gudstjenester her. Huset vert og nytta til
gravferd.
Dei andre faste arrangementa som er i bedehuset er
NMS sin kvinneforening og kvardagsskule for born.
Indremisjonsstyret samarbeider med Jondal indremisjon.
Når det er forkynnarar i Jondal har dei ofte eit av møta sine i
bedehuset her.
Av og til skipar indremisjonsstyret til møte, oftast laurdag i kaffitid
kl. 15.30.
Dei siste åra har NMS si kvinneforening hatt basar palmelaurdag.
Sjømannsmisjonen har basar annakvar haust. Bedehuset har og basar før
jul med
julegevinstar, kaker, julepynt og lignande.
Kvar jul har kvardagsskulen og indremisjonen hatt julefest.
På bygdedugnaden i april samlast alle i bedehuset til laurdagsgraut.
|