HELLERISTNINGANE
På Bakke er det gjort mange funn som vitnar om
svært gammal busetnad, mest kjend er helleristningane i Kalhagen. Dei er truleg
frå yngre bronsealder (1100 - 500 år f.Kr.) På ein bergknaus kalla Mariskarvet
finn me heile 85 figurar som framstiller m.a. båtar, menneske, fotspor, vatn,
ringar og gropar. Det er ulike tolkningar på kva figurane symboliserar men det
som går att er livssyklus, religion, grøderikdom, sol og ritualer.



Helleristningane vart første gong innrapportert av
lokalhistorikar og sokneprest i Ullensvang O. Olafsen i 1903. Funnet har vore
undersøkt fleire gonger. I perioden frå 1972 til i dag har det vore drive
konserveringsarbeid, og det er funne fleire nye helleristningar. Figurane er
hogne inn i bergflaten ved hjelp av metall eller hard stein. Dei har ikkje vore
malte opphaveleg. I dag vert dette gjort av fagfolk for å tydeleggjera motiva.
I dag vert dette ikkje gjort meir då
det vil øydelegge ristningane over tid. Motiva vil etterkvart som raudfargen
forsvinn, best kunne sjåast i måneskin eller i låg kveldssol, eller ved hjelp av
lommelykt/anna skråstilt lyskilde.