|
|
Opphavet til fjellet
Då den kaledonske fjellkjeda var på sitt høgste for omlag
420 millionar år sida, låg bergartane i Herand djupt nede i jordskorpa, omlag 15
tusen meter under overflata. Fjellkjeda låg då ved ekvator. Då fjellkjeda vart
skapt, vart enorme bergartsflak, kalla skyvedekker, skove over grunnfjellet og
dei kambrosiluriske laga. Bergartane langs turstien låg då i det nedste
skyvedekket. Opphavleg var desse samansett av leire og lava, men det høge
trykket og temperaturar omkring 450 C°omdanna leirstein til fyllitt og lava til
grønskifer. Seinare har erosjon slite ned fjellkjeda slik at fyllitt og
grønstein frå djupet er komen fram til overflata i Herand og samstundes har vår
del av verda flytta seg nordover frå ekvator.

Det norske landskapet er
forma av isbreane som har dekka landet i lange periodar dei siste 2.5 millionar
år. Den siste rest av isbreane smelta bort frå dette området ved fjorden for
omlag 12 - 14000 år sidan. Isbreane har slite ned fjellet, og steinar som var
fastfrosne i botnen av isen laga skuringsstriper. Enkelte stader langs stien ser
vi glattslipt fjell med skuringsstriper intakte, men dei fleste stader har
seinare utrasingar fjerna den is-skura overflata.

Fyllitt/Grønskifer
Ved foten av skrenten finn du fyllitt. Det er ein svært skifrig og laus bergart som er rik på glimmer (vert ofte kalla kråkesølv) - og med kvite linser av kvarts. Fyllitt forvitrar lett og gir god næring til planter. Grønskifer er ein grågrøn bergart som utgjer mesteparten av skrenten og platået på oversida. Den gir også bra næring til jordsmonnet ved forvitring, den sprekk ofte opp i heller, som her er nytta til trapper langs stien.


Boudinage
I grønskiferen ser vi rekkjer av lysegrøne linser som består av mineralet
epidot. Linsene vert danna ved at større linser vert flattrykte og delt i
rekkjer av mindre linser. Fenomenet vert kalla boudinage – som er fransk
og tyder pølseforming, ser du likskapen?

Skulpturar i Berget
Holete fjell eit av dei mest imponerande geologiske trekka langs stien er at det
enkelte tader er danna ei spesiell holete overflate. Hola finst både på
undersida av utspring og om holrom innover i veggen der berget er tørt, sjølv i
regnvær. Fenomenet vert kalla trafoni (opphavleg korsikansk uttrykk), men
uttrykk som bikake-vitring, vitringsgroper og steingitter er også brukt. Årsaka
er ikkje fullstendig avklart, men det er semje blant fagfolk om at årsaka til
dette er forvitring ved avflaking.

Fagfolk reknar med at saltutfelling i bergarten er hovudårsaka - og at
sprengkrafta i altutfellinga fører til at bergarten sine mineralkorn losnar og
fell av i flak. Flak-avskaling og pulverisert stein kan du sjølv observera ved
desse førekomstane. Saltet kjem truleg frå vatn på porer og sprekker i
bergarten, og saltet vert utfelt når vatnet fordampar på tørre flater. Der
bergveggane vert fuktige av regn og rennande vatn vil saltet verta vaska vekk -
og ingen groper vil verta danna. Det har tidvis vore svalereir i mange av desse
ropene, fuglane er observert då dei pikka laus stein. Denne aktiviteten har nok
utvida gropene - men er nok ikkje årsaka.
Tekst: Østein J.
Jansen (UiB) og Dirk Kohlmann Tvedt