BADESTRANDA
VED HERAND BÅTHAVN.

Tett ved båthamna finn ein den fine badestranda i Herand.
Mange dugnadstimar er lagt ned for å få den så fin som den er blitt! Kvar vår
vert det og rydda og reinska opp her så det skal vera klart for ny sesong. Her
er gode badeforhold både for vaksne og born, og det er fint lagt til rette for å
tilbringa mange timar her om ein vil. Toalett – og dusjanlegg i båthamna kan
nyttast, og kiosken er open om ein skulle ynskja å kjøpa seg noko forfriskande.


Foto Sidsel Haugen
![]()
Next to the harbour in Herand you`ll find a nice,
public beach.
It has parking, WC/showers and eating-area. Restaurant and groceryshop near by.