Herand Båthamn--




I Herand finn du ei lun og triveleg gjestehamn. Dette året er den utvida og har plass til fleire båtar. Pris for overnatting er pr døgn er kr 50. Tillegg for straum kr 20.

Her er gode dusj- og toalettforhold, vaskemaskin/tørketrommel. Her er også plass for bubilar og tømmestasjon for desse.

Frå juni til august er Hamnebua open kvar dag mellom kl 1100 og 2100. Her kan ein m.a. få kjøpt hamburgar, pommes frites, pøler, salattallerken, "heimelaga" pizza, kaker og vafler.

Tett ved båthamna finn ein den fine badestranda i Herand. Mange dugnadstimar er lagt ned for å få den så fin som den er blitt! Kvar vår vert det og rydda og reinska opp her så det skal vera klart for ny sesong.  Her er gode badeforhold både for vaksne og born, og det er fint lagt til rette for å tilbringa mange timar her om ein vil.

Båthamna er og eit godt utgangspunkt for små turar. Det er ikkje langt å gå til det spesielle helleristnings-feltet med unike menneskefigurar frå bronsealderen. Den gamle oppgangssaga og kvernhuset ligg ved elva som renn ut i sjøen ikkje langt frå båthamna. Ynskjer ein litt meir mosjon og ei naturoppleving utanom det vanlege, er turstien å anbefala. Utgangspunktet for den er ved brua over elva, ca. 300 m frå båthamna.
Eller kanskje vil du berre rusla rundt i den koseleg bygda? Her er mange mogelegheiter!

Me ynskjer alle hjarteleg velkomne!