|
|
ARKEOLOGI
Skipshellaren
på Vassel
Tidleg på 1920 –
talet vart det gjort funn under Skipshellaren på Vassel, som fortel at staden
har vore nytta av folk for mange hundre år sidan. Det var eit brot av eit
spannforma leirkar som kom for dagen saman med store bein, tenner og kol. Funna
skreiv seg frå menneske som oppheldt seg under hellaren i folkevandringstida
(400 – 550 e.Kr.). Folket under hellaren var mest truleg bønder som brukte denne
staden då dei arbeidde i utmarka. Beina fortel at det vart halde husdyr her og
kolet viser at det vart gjort opp eld. Det fanst få gardar i Herand i
folkevandringstida. Gardane Bakke og Vik vart truleg rydda på denne tida og
kanskje var det folk frå ein av desse gardane som brukte Skipshellaren som
heimestøl. Ein kan ikkje sjå vekk frå at hellarane i Herand også vart brukt av
folk i stein- og bronsealderen.

Jordbruk i Herand
Det er få
spor etter jakt- og fangstfolk som levde i steinalderen i Herand. Fangstfolka
heldt seg helst til ytre kyststrøk. Dette endra seg mot slutten av steinalderen
(2400 – 1800 f. Kr.) då dei første jordbrukarane rydda skog til beite og små
åkrar ved fjorden. Frå denne tida er det funne ei skafteholøks på Tveiten, brukt
som ei jordhakke til rydding av åker. Frå bronsealderen (1800 – 500 f.Kr.) har
ein særs mange helleristingar i Kalhagen på Bakke. Motiva syner m.a. skip, dyr
og menneske. Symbolbruken der vitnar om at dyrking av grøde og sola var viktig
for dei første jordbrukarane. Dei første gardane - med eigne namn, faste åkrar
og skilje mellom innmark og utmark - vart likevel først rydda i eldre jernalder
(500 f.Kr. – 550 e. Kr.). Garden Vik var då busett og der kan ein sjå tufta til
eit stort naust frå denne tida (25 m langt og 12 m breitt). Gjennom heile
jernalderen var det folkeauke i Herand og nye gardar vart rydda. Det er fleire
gravhaugar som skriv seg frå vikingtida (800 – 1000 e.Kr.), som på Bakke der det
er funne både sverd og øks i ei mannsgrav frå vikingtida og i Sævarhagen der det
er funne ei klebergryte. Også på Melen, Tveiten, Herandsholmen og Samlaneset har
det vore gravminne i jernalderen.
Helleristingar frå bronsealderen, Bakke
Mellomalder:
Overliggjar til kvernstein, Vassel
Vikingtida:
Tveegga sverd med bandforma slyngornamenter på knappen, Bakke
Seinneolitikum:
Pilspiss av flint, vatnrullaflintkjerne ogavslag, Sæverhagen
Seinneolitikum:
Eggforma stein-øks med skafthol,Tveiten
Vikingtida:
Tveeggasverd, Bakke
Bilder: UiB, Kulturhistoriske Samlinger
Tekst: Bård Gram Økland