Innleiing

Herand bygdelag var søkjar til Riksantikvaren sitt kulturminne-pilotprosjekt utan å nå opp i konkurransen. Men i prosessen med utarbeiding av denne søknaden vart det lagt ned eit grundig arbeid for å få fram korleis Herandsbygda kunne dra vekslar på det rike tilfanget av kulturminner ho rommar og korleis desse kunne nyttast i næringsutvikling.

Sjølv om det ikkje vart nokon kulturminnepilot-status på oss meiner me at den søknaden er eit godt styringsdokument for korleis me kan utvikla bygda vår.

Ei av dei store utfordringane me står over for er korleis me skal greia å ta vare på kulturlandskapet, det dannar basis for korleis alle andre kulturminne vert presenterte og er slik det viktigaste kulturminnet me har.

No er me er blitt ein del av fylkesmannen si satsing på næring knytt til kulturlandskapet gjennom landskapsparkprosjektet og dette gjer oss høve til å sjå på næringsutvikling knytt til dei verdiane me har med nye auge og med eit vidare perspektiv.

Definisjon

Slår ein opp i nynorskordboka på omgrepet park finn ein definisjonen ”område nytta til ein spesiell funksjon”. – Ein romsleg definisjon som også gjenspeiler korleis parkomgrepet er nytta. – Me har alt frå nasjonalparkar som representerer totalt vern til næringsparkar som er reine industriområde.-

Parkomgrepet kan med andre ord fyllast med det ein ønsker å profilera.

Ein landskapspark slik me opplever det i dette prosjektet tek det beste frå begge ytterpunkta og skal vera eit område der kvalitetane i landskapet legg premissane for utvikling av ny næring.

Mål og visjonar

Under arbeidet med kulturpilotsønaden vart følgjande visjon for Herand formulert:

Herand tek mål av seg til å bli eit formidlingsenter og ein kunnskapsbase innan kulturminner knytt til grenda som busetjingsmønster.”

Kulturminner er her meint i sin vidaste forstand, dei skal ikkje berre sjåast på men også takast på og ikkje minst luktast og smakast.

Herand skal bli eit opplevingsenter knytt til primærnæringane og dei attåtnæringane fjordbøndene har hatt oppetter tidene.

For å få til dette har me sett opp ein del kjernepunkt knytt til prosjektet:

1 Utvikla opplevingar i kulturlandskapet

Dette er alt frå rydding av stiar og utsiktspunkt til å få til opne tun der folk t.d kan få koma i

eldhuset og baka, vera med på fjøsstell, plukka epler m.m

Men det kan og vera kulturopplevingar som kunstutstillingar og konsertar som på

Hardanger kulturgalleri. Gammal og ny tid skal møtast i respekt.

2 Infrastruktur

Målet er at det skal koma gjester til bygda og desse skal oppleva bygda som ein god plass

å vera. Me treng tilfredstillande plass for handtering av søppel og septiktøming for bubilar,

oppstillingsplass for bubilar/campingvogner, utviding av gjestehamn ,betre parkeringstilhøve i sentrum og fleire gjestesenger.

3 Tiltak som stimulerer til etablering av verksemd

Ei av dei største utfordringane i prosjektet er å stimulera til å satsa på utvikling av eiga næring.

Ein kan i regi av eit prosjektet rydda stiar og yta tilskot til vedlikehald av landskapet og utbetring av infrastruktur. Men innhaldet , opplevinga, må skapast av folk med idear og visjonar.

Prosjektet bør derfor utvikla ein slags etablerar-pakke som tilbyr støtte både økonomisk og fagleg samt eit nettverk med andre etablerarar.

Dette bør utviklast i tett samarbeid med kommunen og/eller dei andre prosjektområda.

Det er vanskeleg å opparbeida eit eige fond innan dette prosjektet som kan yta økonomisk støtte , men dei fleste kommunar har næringsfond og det finst regionale næringsfond og landskapsparkprosjektet kan yta stønad gjennom å stilla prosjektleiar disponibel til hjelp med søknadsutformingar m.m.

Struktur

Å driva fram slike prosjekt er arbeidskrevjande for små samfunn som Herand, og det er svært viktig å utarbeida ein god administrasjonstruktur. Me har kome fram til ein struktur som ser slik ut:

Styret i Herand bygdelag

 

Styringsgruppe for landskapsparkprosjektet

 

Prosjektleiar

 

Undergruppene i bygdelaget:
  • Næring og areal
  • Jord og skogbruk
  • Reiseliv og turisme
  • Kultur og trivsel

 

Økonomigruppe


 

Styret i Herand bygdelag har det overordna ansvaret for prosjektet og styringsgruppa rapporterer til styret i bygdelaget.

Styringsgruppa har ansvar for prioritering og oppfølgjing av tiltak knytt til lanskapsparkprosjektet.

Her er også sett ned i økonomigruppe som består av prosjektleiar, leiar i styringsgruppa og eit medlem av styringsgruppa. Denne gruppa har ansvar for å søka fleire midlar, føra rekneskap, ha oppfølgjing av utbetaling av midlar og sluttrapportering.

Prosjektleiar er løna inntil 100 000,- over 4 år og skal ta hand om sekretæroppgåver for prosjektet, sørga for framdrift og knyta eksterne samarbeidspartnarar til prosjektet.

Undergruppene i bygdelaget representerer kvar sine ”fagområde” og har ansvar for gjennomføring av tiltak knytt til sine fagfelt.

Arbeid gjennomført til no

Som nemd i innleiinga var me gjennom ein prosess i tilknyting til søknad til kulturminnepiloten, og sjølv om me ikkje vart kulturminnepilot er me blitt tildelt ein del kommunale, regionale og fylkeskommunale midlar. Slik me ser det er kulturminnepiloten og lanskapsparkprosjektet to sider av same sak dermed inngår desse midlane og alt igangsette tiltak knytt til desse, så som retaurering av sjømiljøet i Vik, som ein del av landskapsparkprosjektet.

Midlar me rår over i dag: 100 000,- frå Jondal kommune i 2006

Det ligg inne 100 000,- til prosjektet i

kommunebudsjettet for 2007, og ein forventar å få

100 000,- også dei to åra etter der.

100 000,- frå Hardangerrådet, med mulighet for å søka om

100 000,- kvart år i 3 år til .

50 000,- Frå Hordaland fylkeskommune øyremerka

sjømiljøet i Vik, her er søkt om 50 000,- til

70 000,- frå Haugens legat

Utover dette har styringsgruppa hatt fire møter og det har vore eit ope arbeidseminar der dei frammøtte var inndelte i arbeidsgrupper etter mal frå undergruppene i bygdelaget.

Prioritering av tiltak i prosjektet bygger på resultatet av dette arbeidseminaret og det har vore eit ope folkemøte der denne prioriteringa vart drøfta.

Me opplever at prosjektet er godt forankra mellom innbyggarane i Herand.

Tiltaksplan

På arbeidseminaret fekk gruppene frie tøylar til å koma med forslag til tiltak, men det vart sett fram 3 kriterier som styringsgruppa ville legga til grunn ved prioritering av tiltaka.

Desse kriteria var:

· Skapa trivsel i bygda for fastbuande og tilreisande

· Skapa grunnlag for næring

· Tankar kring ein rettvis fordelingsnøkkel for inntekter

I tiltaksplanen er det også to prosjekt som går utanpå alt anna, det er utvikling av Meieriet og Eiketunet.

Meieriet

Meieriet ligg sentralt plassert midt i bygda og utvikling av dette til eit informasjonsenter og lokale for matservering ligg som ein forutsetning for det meste av annan næringsutvikling.

Gjester som kjem til bygda ”skal” innom her og gjera seg kjent med kva me har å by på og helst kjøpa med seg eit kart/Herandspass før dei går ut i bygda.

Dette er einaste måten me kan sjå at det er muleg å få inntekter på turstiane .

I tillegg er det viktig at folk kan få kjøpt skikkeleg mat, dette er også viktig for ”Kramsjø”, nyetablert bedrift i Herand. Ein lokal kafe kan også profilera lokale produkt.

Eiketunet

Eiketunet er eit fleirbølt gardstun som ligg som det gjorde på 1600-talet.

Dette er av stor kulturhistorisk verdi og spelar ei sentral rolle i visjonen om Herand som eit formidlingsenter og ein kunnskapsbase innan kulturminner knytt til grenda som busetjingsmønster.

No er det sjølvsagt opp til eigar korleis han vil nytta tunet, men prosjektet ønsker å hjelpa han så langt råd er og stimulera til ein bruk av tunet som kjem mange til gode og er inntektskapande.

Tiltak kostnad Ansvar Tidsramme
1. opplevingar

 

 

 

Restaurering av

sjømiljøet i Vik

450 000,- Areal og næring 2006-2007
Vinterveg til Bjønndal 100 000,- Skog og Jordbruk 2007
Plan for landskapskjøtsel 10 000,- Skog og Jordbruk 2007
Restaurering av

Kraftstasjon

30 000,- Areal og næring 2007
Utvikling av turstien 50 000,- Trivsel og kultur 2007 - 2010
Turstiar - utsiktspunkt 100 000,- Trivsel og kultur 2007 - 2010
Rydding av kulturbeite 200 000,- Skog og Jordbruk 2008 - 2010
Plan for utmarksnæring

(jakt og fiske)

20 000,- Skog og jordbruk 2008
Kultivering av fiskevatn 50 000,- Skog og Jordbruk 2009
2. Infrastruktur

 

 

 

Mini miljøstasjon 30 000,- Jondal kommune, oppfølgjing av areal

og næring

2007
Prosjektering av utbygging av meieriet 45 000,- Areal og næring 2007
Plan for Eiketunet 20 000,- Skog og jordbruk 2007
Utbygging av meieriet 1 500 000,- Areal og næring 2008 - 2009
Restaurering av

Eiketunet

3.000 000,- Skog og jordbruk 2008 - 2009
Plan fo rutviding av

Båthamn og ny plass for bubilar

30 000,- Reiseliv og turisme 2008
Ny plass for bubilar 500 000,- Reiseliv og turisme 2009
Utviding av gjestehamn 300 000,- Reiseliv og turisme 2009 - 2010
3. næringsutvikling

 

 

 

Årlege Streif-arrangementent

 

Trivsel og kultur 2007 - 2010
Utvikling av opplevings-

Pakkar

 

Reiseliv og turisme 2007 - 2008
Oppstarttilskot til div. arr/festivalar 50 000,-

 

2007 - 2010
Marknadsføring 100 000 ,- Reiseliv og turisme 2007 - 2010
Etablering av utsal av

Lokal brukskunst i Vik

10 000,- Areal og næring 2008
Etablering av næring i

Eiketunet

 

Skog og jordbruk 2010
Etablering av utstilling og kafedrift i meieriet 200 000,- Næring og Areal 2010
Kart/guide 100 000,-

 

 

Prosjektleiar 100 000,-

 

2007- 2010

Sjømiljøet i Vik

Her er det snakk om ei sjøbu som har vore nytta til butikk, dampskipskai og eit kyrkjebåtnaust. Dette området vil saman båtbyggjarmuseet visa kva fjorden hadde å seia for folket i bygda.

Restaurering av kraftstasjon

Elva i Herand har ein eigen historie å fortelja når det gjeld utnytting av vassressursar.

Vegg i vegg med eit topp moderne smoltanlegg ligg ei 400 år gammal oppgangsag som er i full drift, 100 meter lenger opp ligg eit restaurert kvernhus frå 1700-talet og overfor det ein kraftstasjon frå 1914. Kraftstasjonen er enno ikkje restaurert, men me ser på han som eit viktig element i vasskrafthistoria. No er det også på trappene eit nytt kraftverk noko som aktualiserer dokumentasjon av gammal teknikk.

Vinterveg til Bjønndal

Dette er eit prosjekt som vil vera til stor glede både for fastbuande og tilreisande. Me har eit fantastisk skiterreng i fjellet, men no er dette berre tilgjengeleg for spesielt intresserte som er villig til å bera skiene opp lia. Dette vil også virka utvidande på turistsesongen då ein kan tilby lett tilgang til påskefjellet. Her er også råd å utvikla eit skileikomsåde.

Turstiar

Me har eit stort potensiale i å utvikla eit turstinett med tilrettelagde utsiktspunkt. Dette omfattar alt rusleturar i bygda og lengre turar i utmark og fjellet.

Me har alt hatt suksess med kulturstien, og denne ser me for oss å utvikla vidare. Det kan vera å visa gamle driftsmetodar i landbruket t.d. løypestreng m.m.

Turstien eignar seg også godt til å utvikla aktivitetar for born. Dette kan vera alt frå leikområde med disser og kvernkall i bekken til å oppleva stien med ein lokal aktivitør som kan fortelja eventyr og sagn.

Det er også viktig å få på plass tursti til Mælen då Hardanger kulturgalleri utgjer ein av dei største atraksjonane me har.

Plan for lanskapskjøtsel

Skal landskapet ha opplevingsverdi må det vedlikehaldast derfor treng me ein god plan for utnytting av beiteareal og anna landskapskjøtsel Det å treffa dyr på beite er også ei oppleving i seg sjølv.

Utmarksnæring

Herand har ingen tradisjon på å utnytta utmarksressursane kommersielt. Men dersom det er interesse for sal av jaktkort/hjorteløyve er dette eit stort potensiale for utviding av turistsesong. Også fiske kan utnyttast meir, me har både fjord og fjellvatn.

Miljøstasjon

I dag er det tøming for bubilar og bosskontainer på kaien i Herand sentrum. Turist trafikken har auka markant sidan dette anlegget vart bygd og alt no er det store vanskar med å handtera avfallet her. Kaien er heller ikkje nokon god stad for eit slikt anlegg.

Meieriet og Eiketunet

Desse prosjekta er alt nemde og har ein sentral plass i prosjektet

Bubilplass og båthamn

I dag står bubilane på kaien i båthamna, med auka trafikk av både bilar og båtar er dette grunnlag for konflikt. Me ønsker å ta vare på det maritime miljøet i båthamna og vil derfor sjå etter alternativ plass for bubilar i nærleiken.

Båthamna treng utviding både når det gjeld gjesteplassar og faste plassar men arealet i sentrum er begrensa.

Kanskje må fastbuande og hyttefolk få tilbod om båtplass i ny marina utanfor sentrum?

Dette ville også løysa problemet med langtidsparkerte bilar tilhøyrande hyttefolket på holmen og tilbod om båtplass vil vera eit stort pluss for framtidig hyttefelt.

Ulike arrangement

I kulturminneprosjektet var det presentert planar for fagseminar og kurs knytt til kulturminna i bygda der ein nytta fagressursar frå universitet- og høgskulemiljø og dette er eit mål som framleis står ved lag. Me har alt vore vertskap for Nordisk fredsymposium og har hausta gode erfaringar der i frå .

Elles er det berre å nytta fantasien når det gjeld arrangement; Det kan vera matfestival, vedfestival, konsertar, kva som helst.

Me har hatt Streif-arrangement to år på rad, første år dugnadsbasert andre året kommersielt.

Dette var ein god erfaring og me vil legga til rette for at private aktørar kan stå som arrangørar av ulike tiltak og ha inntektene av dette.

Opplevingspakkar

Ein del av produktet som kan kjøpast på meieriet.

Her skal vera skriftleg materiale med forslag til opplevingar og det skal vera råd få ein guide.

Pakken kan innehalda alt frå to timars guideing rundt i bygda til fleire dagars fjelltur med mat og fisking. Igjen er det fantasien som må utfordrast.

Utsal i butikken i Vik

Også andre næringar enn dei turistrelaterte må ha sin plass i prosjektet, og ein ønsker å etablera utsal av ulike produkt i ”gamle-butikken”

Næring i Eiketunet

Dette er opp til eigar, men prosjektet vil innhenta den kompetanse han treng om han vil starta med foredling av kjøt, turistar eller anna næringsverksemd.

Drift i meieriet

Utstillinga her må utformast i nært samarbeid med faginstansar ved UiB og Hordaland fylkeskommune.

Når det gjeld kafèdrift må me finna ein kokk som vil utvikla ein meny basert på lokale råvarer. Vedkommande må også nyttast som ressursperson over for andre tiltak som vil ha matservering t.d. Hardanger kulturgalleri.

Marknadsføring/trykksaker

Ein ting er sikkert; produktet kan vera supert men om ingen veit om det hjelper det lite.

Derfor er marknadsføring ei tungt prioritert oppgåve saman med godt info-materiell som kan seljast når gjesten først er komen til bygda.

I tillegg til dette har det vore arbeidd med eit samarbeidsprosjekt med Fykse og Hardanger fartøyvernsenter om etablering av eit kystledprosjekt i Samlafjordsbassenget. D.v.s. at folk skal få leiga robåtar og ro frå stad til stad der det er tilrettlagt med overnatting og opplevingar.

Fartøyvernsenteret jobbar også med å få eit dampskip til å gå i fast rute Nordheimsund – Herand – Fykse, så om du vert trøtt av å ro kan dampen ta båten din på dekk og ein kan lata seg frakta frå landskapspark til landskapspark.

Det har oss kome opp ein idè om å bygga utleigehytte i samarbeid med Vikebygd midt på fjellet på Folgefonnshalvøya. Dette ville opna for ein unik oppleving av Hardangers indrefilet.

Mykje av det som er nemt i tiltaksplanen er grunnlag for næringsetablering, resten er opp til privat intiativ, men som tidlegare nemt vil prosjektgruppa gjera det dei kan for å oppmuntra til etablering.

Det er svært lett å tenkja mest på turistrelaterte tiltak, derfor treng kanskje andre intiativ ein ekstra puff då dei også kan virka forlengjande på turistsesongen.

Eit anna tiltak er grøn omsorg; det er fleire fagpersonar innan dett feltet i bygda og me trur det er rom nok i bygda for å utvikla eit godt tilbod innan dette feltet

Noko som er veldig i skuddet for tida er SPA. Kanskje det er råd å utvikla eit tilbod på våre

premissar? Aromaterapi basert på oljer frå sjølvdyrka urter og flytande sauna på

Hardangerfjorden? Kven veit….