Jonsokfeiring i Herand

 

Tross både Streif og Herandshelg, vart det og i år arrangert Jonsokfeiring i båthamna i Herand. Kl.18.00 gjekk barnebrudeparet med brudefylgje frå butikken bort til båthamna. Vel framme kunne dei få komme frå regnveret inn i Meieriet til tradisjonell veslegraut. Ute vart det satt opp grillar som kunne nyttast til medbrakt grillmat, men regnveret gjorde at dei fleste nytta seg av rjomegrauten som var å få kjøpt inne i Meieriet. Noko over åtte vart bålet fyrt i gang, og med det kunne ein sei at jonsok var vel feira… utandørs i alle fall!

 

 

 

 

 

25.06.05