Herand Skule  

 

Skulen i bygda vart lagt ned pga lågt elevgrunnlag 2004. Etter ulike planar og forsøk, ynskte kommunen å selje skulen. Herand Bygdelag fikk tilbod om å kjøpe. På den måten kunne skulen fortsette å vere ”storstove” for alle i bygda, og all aktivitet som skjer i lokala kunne halde fram. Bygdelaget ynskjer å nytte skulen dels som samfunnshus for bygda, dels for utleige til næringsverksemd, og dels til å huse eit formidlingssenter i samband med alle dei historiske attraksjonane me har i bygda vår. Dette er i regi av landskapsparken. ( sjå link). 

http://www.fylkesmannen.no/enkel.aspx?m=34482

 I tillegg held Herand Barnehage som bygdelaget driv til i ein del av bygget.  

  

Enno er det mykje som står att av både praktisk arbeid og organisatoriske spørsmål før vi er heilt i havn når det gjeld drift av skulen. Kan du svinge ein pensel, eller har synspunkt og gode idear, er det berre å melde seg.