Herand Musikklag

Herand Musikklag hadde årsmøte på skulen 3.desember 2009. Møtet starta med ein liten konsert av korpset. Vanlege årsmøtesaker vart teke opp og det vart servert rundstykke og kake. 3 personar  i styret stod for val denne gongen; Lars Tore Haugen, Einar Samland og Gerd Haugen. Dei to siste sa frå seg attval, og vart takka for fin innsats.
 
Styret for 2010:
Ingeborg Huus           -           leiar
Margot Haugen          -           nestleiar
Alvhild Samland         -           kasserar
Margreta Eiken          -           skrivar
Lars Tore Haugen      -           styremedlem
Marit Samland           -          1.varamedlem
Marit Huus                -           2.varamedlem
 
 

Link: 2009 er jubileumsår for Herand Musikklag.pdf

Herand Musikklag starta i 1959. Det er eit brasskorps
der alle frå ca. 10 år og oppover i alder kan vera med.
Me har øving på Herand Skule kvar torsdag frå kl. 18.30 - 20.30.

Har du lyst til å spele i korps, er du hjartleg velkomen.

Korpset spelar sjølvsagt i toget på 17. mai,
og elles kan me og høyra dei ved ulike arrangement.
Dei er t.d. alltid med når julegrana vert tent i Herand,
på adventkonsert i kyrkja, gudsteneste på julafta, Handverksmessa,
musikkskulekonsertar m.m.
Repertoaret er allsidig – frå koralar til marsjar og eitt og anna konsertstykke.



Dirigent er Una Eiken.

 


 


 


 

Seminar med Nå Musikklag 
 

Bilder frå seminaret me hadde sammen med Nå Musikklag 2. - 3. april 2005. Bildene er frå avsluttningskonserten sundag ettermiddag.
 
 


 


 


 Bilder frå øving

 


På 2. rekke i kornettrekka gjer dei ein viktig jobb!

 

 B-bass, Ess-bass og alt-horn i framgrunnen og trommisen vår bak.
Det er god aldersspreiing her og, men kanskje ikkje så synleg som i kornett-rekka?
 
 


Avtroppande leiar, Einar Samland, får blomar som takk for god innsats av Tor Storegjerde.