Herand
Kvinne og Familielag
|
Styre for 2008: - Kontaktperson: Marit Samland, 5628 HERAND, telf. 53668102
- Kasserar: Randi Svåsand, 5628 HERAND, telf. 53668150
Studielaiar: Signe Grøtt, 5628 HERAND, telf. 53668161 |
|
Herand Kvinne og Familielag blei starta i 1938. Vi er medlem av Norges Kvinne og familieforbund, som arbeider med kvinne –og familiepolitiske spørsmål, nasjonalt og internasjonalt.
Laget vårt har 9 medlemer. Vi har medlemsmøte ein gong i månaden i vinterhalvåret. Vi har og opne temamøte av og til, og vi arrangerar kurs for folk i alle aldrar. Dei siste åra har vi drive bokkafe på skulen ein dag i månaden, haust og vinterhalvåret. Elles prøvar vi å hjelpe til ved ulike arrangement i bygda.
Vi har eit hyggeleg fellesskap, og ynskjer nye medlemer hjarteleg velkomne i laget!