Herand Barnehage
Mobil 48133332         herand.barnehage@kvamnet.no 

Herand barnehage er privat og vert driven av Herand Bygdelag. Den har plass til 12 born i alderen 1-5 år. Det er og tilbod om skulefritidsplass. To arbeidsplassar har me her, for tida fordelt på tre personar, og opningstida er 07.30-16.30 fem dagar i veka.

Barnehagen held til i sokkeletasjen på skulen. Dette gjer at me har god tilgang både til gymsalen, ballbingen, skulekjøkenet og andre facilitetar som finst på skulen. Uteområdet består av ulike disser og klatrehus/ rutsjebane, sandkasse m.m. Området er under opprusting. Snart kjem det matter i staden for sand under leikeapparata. Ein liten klatrevegg er også på trappene.

Barnehagen vår har naturen som næraste nabo. Dette gjer at me er mykje ute på tur. Me har kort veg både til skog, fjell, fjord og vatn. I periodar har me ståande ein lavvu på ein eigna stad i skogen i nærleiken. Der har me og laga til ei hinderløype.

Dei eldste borna, 5-åringane, reiser på bading i Jondal ein dag i veka. Dette er eit samarbeid med barnehagen der, slik at borna vert litt kjende med kvarandre før dei startar på skulen.
Borna får tre måltid om dagen i Herand barnehage; frukost, middag og eit fruktmåltid.


Dagsplan for Herand Barnehage

07.30 Barnehagen opnar
08.15 Baka ut rundstykker 3 dagar i veka
08.45 Dekka bordet til frukost
09.00 Frukost

09.45 Femårsklubb tysdag og fredagsklubb (for 4 og 5-åringane)
10.15 Uteleik /evt.tur
11.45 Laga middag m/ordensmann
12.30 Middag

13.15 Samlingsstund
14.45 Laga frukt m/ordensmann
15.00 Frukt
16.30 Barnehagen stengjer

  -----------------------------------------------


   På tur med Vøringen.

    Herand barnehage har hatt prosjekt om egg og kyllinger

    Årsplan for Herand barnehage 2008

   Søknadsskjema for barnehageplass i Herand barnehage

   Søknadsskjema for SFO-plass i Herand barnehage
 


   Cowboyfest Januar 2008