|
Streifhelsing frå Landbruksavdelinga Bra jobba, kjære venner i Herand! Mange har vært i sving. Suksessen er dykkar vel unt. Gratulerer med et vellukka arrangement! Dette var ein stor dag vi vil huske lenge. Eg vil tru at alle deltakarar følte seg velkomne til Herand. Guidane og vaktene gjorde ein storarta jobb, var hjelpsame og hadde mykje å fortelje om bygda i dag og i gamle dagar. Velviljen var utroleg smittande på oss besøkande. Maten var fantastisk god – kraftkost til turfolk! Arrangementet var Streif på sitt beste. Kulturlandskap og mat, vandring, undring, glede og engasjement. Streif skal engasjere heile bygda. Dette er eit trivselsprosjekt like mykje som det viser andre utanfrå bygda sine verdiar. Kanskje eit vinn-vinn-prosjekt? Streif kan sjåast som næringsutvikling - tilrettelagd turoppleving med lokal mat – eller som bygdeutvikling – Herand er verda si beste plass å bu. Gratulerer. De har all grunn til å vere stolte av Streifet i Herand! Vi er stolte, vi også. Med vennleg helsing Dirk Kohlmann Tvedt |
|
|
|
|
Sjå
fleire bileter på
Jondal Kommune
sine sider, og på Hordastreif.
Her finn du
inntrykk frå NRK's Egil Tokheim då han var på tur i stien
14.06.05