Bryllaup

 

 

25. juni kunne du oppleve eit tradisjonsrikt bryllaup i Herand. Denne strålande dagen gifte Marianne Storli og Tore Eiken seg i Jondal kyrkje. Deretter tok heile brurefylgje båt frå Jondal til Herand. I ”Ure” venta det ein salutt, og i Herand venta det hest og kjerre som leia an brurefylgje opp til skulen, der festen skulle vere. Fleire frå bygda møtte opp i båthamna og fekk med seg denne vakre hendinga, som lokka tårer fram både hjå den eine og den andre.

 

                                         

 

29.06.05