100-årsjubileet skal markerast over heile landet i 2005

I Hordaland skal m.a. Landbruksavdelingen hos Fylkesmannen i samarbeid med Bergen Turlag arrangera 9 ulike Streif. Det vil sei at det i tidsrommet april - oktober skal skipast til 9 turar rundt om i fylket vårt. Dei skal syna noko av mangfaldet i naturen og kulturen. Herand er teken ut til eitt av desse streifa. 12. juni er sett av til tur i turstien, og det vert planlagt eit opplegg i tillegg til sjølve turen for å syna fram bygda vår og livet her, både før og no. Du kan lesa meir om dette dersom du klikkar deg inn på
www.hordastreif.no

12. juni kommer Streif til Herand og me startar i Båthamna kl 1100 med ei opning ved ordføraren og eit par kulturinnslag. Frå kl 1130 - 1330 vert det quida turar i turstien. Frå kl 1330 - 1600 vert det omvisning på oppgagnssaga, kvernhuset, båtmuseet, helleristningane, Tveite og hos Aqua Farms AS. I same tidsrom vert det sal av middag i grannahuset og på skulen. Kiosken i Båthamna er open og det vert råd å få kjøpa kaffi og noko godt å bita i på Meieriet.

 

Ein mjøstøl (vårflor) i Kulturstien er under restaurering.

I uke 21 hadde me besøk av Bergens Tidende og reportar Eva Røyrane. Ho skriv på ein artikkel om Herand som blir publisert i avisa fredag 10. juni. Saman med henne var òg Dirk Kohlmann Tvedt frå landbruksavdelinga i Hordaland Fylkeskommune, og det er han som har teke desse flotte bileta.
 

Kjellaug Hoås Samland, Eva Røyrane og Dan Danielsen ved saga.
 

Herand Aktiesagbruk i drift.
 

Tor Alvsaker i arbeid på saga.


Siden er oppdaget 26.05.05.