Tysdag 24.februar inviterte styret for landskapsparken
til ope folkemøte på skulen.
20 -25 personar møtte fram. Møtet
starta med ei orientering om tiltak som er gjort til no;
*Landskapsparken (LP) har gitt tilskot til oppgradering av vegen til
Bjønndalen. Den vert også brøyta om vinteren og gjev eit flott
utgangspunkt for skiturar.
*Det er kjøpt inn 2 kantklipparar som
bygdefolk kan få leiga. Nils Håvik står for utleige og vedlikehald.
*Det er kjøpt inn ei bensindriven boremaskin med tanke på utleige.
*LP har også ytt økonomisk støtte til ulike andre tiltak:
-Meieriet restaurant,
-Morten Aasbø til privat reguleringsplan i
samband med bubilplass, -Herand båtlag i samband med utviding av
båthamn, turstiar,
-innfallsport ved Mælavegen.
Dirk Kohlmann Tvedt
frå Fylkesmannen si landbruksavdeling var med på møtet og orienterte om
ulike måtar å organisera landskapsparkar på.
Han viste til modellar
brukt i Åkrafjorden og på Fykse. ( Aksje-selskap og vanleg lag med
medlemsskap ).
LP i Herand har i dag eit styre som er valt av
Bygdelaget. No er det tydeleg signal frå Fylkesmannen at ein bør
organisera det anleis. Dette vart drøfta på møtet, og ein kom fram til
at Herand LP bør vera eit vanleg lag der ein kan betala medlemsavgift.
Noverande styre vert eit interimstyre og kallar inn til stiftingsmøte.
Hovudmålsetjinga til LP er å skapa næring. Det kan vera ny
næring, eller vidareutvikling av eksisterande. På møtet vart ulike idear
drøfta. Ein av dei er å laga eit utsal av lokalproduserte varer i
sommarsesongen. ( Julemessa syner at det finns mykje!!) Dei som møtte
denne kvelden var engasjerte, og fleire ting vart drøfta. Kan LP
verta oppfatta som konkurrent til HB?
Bygdelaget vart i si tid
stifta for å arbeida for ei triveleg og livskraftig bygd. Skal bygda vår
vera livskraftig er det nødvendig å tenka næringsutvikling, og sidan
dette er ei av målsetjingane for LP kan ein sjå på det som ei naturleg
forlenging av HB og ikkje ein konkurrent.
Det vart også stilt
spørsmål om det å vera landskapspark kan vera til hinder for konsesjon
når det gjeld kraftutbygging. Dette meinte Kohlmann Tvedt at det klart
ikkje skulle vera, særleg når ein ser på målsetjinga med
næringsutvikling. Ein må ikkje forveksla landskapspark med nasjonalpark
og tenka dei restriksjonane som ligg der. Det vart også drøfta eit
landskapsfond der ein kan få midlar til å stella kulturlandskapet. Dette
vil ein koma tilbake til seinare.
ref. Margreta S. Eiken
|