Herand
kulturhistoriske
senter
“Ei reise gjennom 9000 år”
Opning av ordførar Sigrid B.Handegard.
Utstillinga
er laga av Arkikon på oppdrag av Herand Bygdelag. Den tek for seg
kulturlandskapet og historia i Herand frå siste istid og fram til førre
hundreår. I Herand sitt autentiske kulturlandskap er det spor etter alle
tidsperiodar, frå 9000 år gamal busetjing under hellerane, unike hellerstningar
frå bronsealder samt nausttuft og gravfunn frå jernalder.
Kulturlandskapet er forma av eldgamle jordbrukstradisjonar, sjølv om blant anna
båtbygging og tømmereksport saman med oppgangssaga også var heilt sentrale
næringar i nyare tid.
Utstillinga har fått eit moderne design og er basert på storformat fotografiar
og skjermvisningar. Den er meint å gje bakgrunnsinformasjon og inspirasjon for
både fastbuande og tilreisande til sjølve å gå ut og oppleva det rike
kulturlandskapet og alt anna bygda har å by på.
Utstillinga
har ope 15., 16.,
22., 23. og 24. mai
kl 11.00 – 16.00. Sesongope frå 19. juni.
Pris
:
vaksne kr 50,-
born kr 25,-
For meir informasjon eller ynskje om omvisning utanom opningstidene: ring
97717946,
91622691 eller 97150588